close

MITT PROGRAM

FILMLISTE
KALENDER
Klikk på en visning for å se alternative tidspunkt

Salaam Dunk

Salaam Dunk fortel ei gripande historie om kvinnelege basketballspelarar ved det amerikanske universitetet i Irak. Ved filmens byrjing møter vi ei gruppe kvinner med lite kjennskap til sport, men med høge ambisjonar. Deira veg mot siger vert prega av sveitte og tårer, noko som sveisar jentene samen.

Meir enn det fysiske aspektet ved å vere atlet, tek filmen tak i utfordringar omkring forståing, respekt og samspel med andre. Fyrst og fremst er dette ei historie om brytning av grenser, særleg dei knyta til kvinna si rolle i samfunnet. Med både klipp frå videodagbøker og intervju, kjem vi nært på jentene og deira personlege erfaringar, og får innblikk i ein kvardag prega av både uvisse og utryggleik. I Salaam Dunk vert vi reve med i verda til irakiske jenter med ulike bakgrunnar, ulike religionar og til dels ulike ambisjonar, men med ein viktig ting til felles: Kjærleiken for basketball og kvarandre. kk

Irak, USA 2011
Regissør David FINE
Språk Arabisk, kurdisk, engelsk
Undertekst Engelsk
Visningsformat -
Spilletid 78 min
Seksjon
Genre Dokumentar